Rett til skuleskyss gjeld for elevar som bur over ein viss avstand frå skulen og/eller elevar som har særlig farleg eller vanskeleg skuleveg. Rett til skyss gjeld ikkje til og fra skulefritidsordninga (SFO).

Skuleskyssen i Tysvær blir tilrettelagt i samarbeid med Kolumbus  og Tide Buss AS. Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for skyss til grunnskulane. Det er Tysvær kommune og Rogaland fylkeskommune som betaler for tenesta.

Målgruppe

Ordninga gjeld for elevar i 1.-10. klasse i Tysvær kommune. Gjeld også for vaksne med rett til grunnskuleopplæring.

Kriterium / vilkår

Elevar på 1. trinn har rett til fri skuleskyss dersom dei har meir enn 2 km. skuleveg (nasjonale reglar). Kommunen si særordning med gratis skuleskyss for elevar i 2. klassetrinn, som bur 2-4 km frå skulen dei går på, blir avvikla frå 01.08.2016. (Kommunestyrevedtak 15.12.2015)

Elevar i 2.-10. klasse som bur meir enn fire (4) kilometer frå skulen har rett til gratis skyss. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg kan få rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda etter enkeltvedtak.


Barn med rett til spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 har rett til skyss når det på grunn av særlege omsyn er nødvendig for å kunne ta imot denne hjelpa. § 7-1 tredje og fjerde leddet og § 7-4 gjeld tilsvarande. Retten gjeld ikkje dersom hjelpa blir gitt i barnehage som eleven soknar til.

Elevar som oppfyller krava for å få skyss, har rett til skyss frå begge foreldra sin bustad dersom det blir dokumentert at omsorga er delt mellom foreldra med minst 40%.

Gjeldande lover og regelverk

Opplæringslova. Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. Kapittel 7 -Skyss og innlosjering

Reglement for skyss

Veiledning

Dersom elevar/føresette meiner at skyssreglementet ikkje ivaretek tryggleiken til elevane godt nok i høve til Opplæringslova § 7-1, kan dei søkje kommunen om unntak/særordningar. Slik søknad kan fremjast for einskilde elevar eller for fleire elevar som bur i same område.

Søknad skal sendast til Tysvær kommune, Resultatområdet skule.

Klagerett

3 veker jf Forvaltningsloven §28. Klageinstans på eventuelle avslag er fylkesmannen i Rogaland.

Aktuelle lover og forskrifter