Skulestart hausten 2020

Oppstart på skulane
Skulane startar opp måndag 17. august og vi gler oss til å ynskje både gamle og nye elevar velkomne tilbake til skulen.

Oppstart for 1. klassingane
Skulane har litt ulike opplegg og tider for når førsteklassingane skal møte på skulen. Vi oppmodar føresette til å fylgje med på informasjon frå den enkelte skule, via heimesidene og/eller informasjon som skulen sender ut via melding.

Koronasituasjonen

Det blir ein ekstraordinær skulestart denne hausten med tanke på koronasituasjonen, der retningslinjene kan endra seg frå ein dag til ein annan. Akkurat no verkar det tvilsamt at skulane vil bli stengt igjen slik som i vår, men vi må framleis vera flinke med smittevern og tiltak i skulane.

Gult nivå
Pr no i Tysvær kommune skal tiltaka på gult nivå vidareførast når skulane opnar opp igjen i august. Det inneber at ingen sjuke skal komma på skulen, god hygiene og forsterka reinhald. Heile skuleklassar kan vera samla, og alle elevar skal som hovudregel få eit fulltidstilbod på skulen. Av plassomsyn og kontaktreduserande tiltak kan skulane gjera nokre mindre justeringar for å sikra at alle elvane kan møta på skulen. Fellesareal og skulegarden kan bli delt opp for å skilja klassar frå kvarandre. Elevar, lærarar og assistentar må unngå handhelsing, klemming og store samlingar. Den enkelte skulen sender ut nærare informasjon om nødvendige tilpassingar og organisering av skulekvardagen for elevane.

Vi skal framleis sørga for at elevane har eit trygt og godt skulemiljø i Tysværskulen. Alle som jobbar i skulen skal følgja med på at elevane har det bra. I tida framover vil vi framleis vera nøye med å sikra eit godt og førebyggande smittevern.

Kommunen tar smittevernet på alvor, og har laga overordna beredskapsplanar for dei tre ulike smittenivåa, grønt, gult og raudt. Skulane skal med dei erfaringane dei har frå raudt og gult nivå setja i verk rutinar og smitteverntiltak i samsvar med desse planane. Vi er framleis på gult nivå, og det ligg an til at dette er situasjonen òg til skulestart.

Vi oppmodar dermed alle i skulen, elevar og føresette om å bidra til vi følgjer gjeldande smittevernreglar som blir etablerte ved den enkelte skulen. Du finn rettleiarar for smittevern i skulen og meir informasjon på udir.no.

Velkomen til skulestart 2020!

For meir informasjon om Gult nivå klikk HER.

* * * 

Smittevernveiledere
Det er utarbeidet to smittevernveiledere for skolen – en for barneskolen og en for ungdomsskolen og videregående skole. Her går det fram hvordan smittevernet skal ivaretas på skolene. Formålet med veilederen er også å gi eksempler på hvordan skolene kan organisere tilbudet og samtidig ivareta smittevernet.

Spørsmål og svar om smittevernveildere for skole

Klargjøring av rammer, regler og prosedyrer i forbindelse med at noen elever kan ha rett til fortsatt hjemmeundervisning, eller at foreldre/foresatte ønsker å holde dem hjemme også etter 11. mai:

Med vennlig hilsen
Eli Krokedal, skolesjef Tysvær kommune