Forvaltning av tilskott til skogsvegar og taubanedrift, hest o.a. er heimla i «Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket» §§ 3, 5 og 7.

Vedtaksmynde og ansvar for saksbehandling av tilskott til skogsvegar og taubane er pr. 01.01.2020 lagt til kommunane. Det skal utarbeidast overordna retningslinjer for tilskott til begge tiltaka. Retningslinjene skal utarbeidast i dialog mellom Fylkesmannen, kommunene og næringsorganisasjonane.

Retningslinjene skal vere styrande for prioritering av tilskottog forvaltning/praktisering av tilskottsordninga.

Alle saker og vedtak skal i utgangspunktet vurderast etter dei miljørettslege prinsippa i naturmangfoldslova. Men dette er ikke nødvendig i forbindelse med vedtak om tilskott til skogsvegar, fordi prinsippa i naturmangfoldslova §§ 8-12 allereie er vurdert i forbindelse med behandling etter landbruksveiforskrifta.

For alle hogsttiltak er det i utgangspunktet ingen krav om behandling etter naturmangfoldslova, og vurdering av dei miljørettlege prinsippa i §§ 8-12. Det er gjeldande miljøkrav nedfelt i skogbrukslova og tilhøyrande «Forskrift om bærekraftig skogbruk» som gjeld for alle hogsttiltak.

Unntaket er førehandsgodkjenning av tilskott til taubanedrift og ordinært driftstilskott. Her skal dei miljørettslege prinsippa §§ 8-12 i naturmangfoldslova vurderast og gå fram av saksframlegget/vedtaket.

Tilskott til taubane

Tilskottsordninga gjeld ved bruk av taubane, slepebane og løpestreng. I tillegg kan det bli gjeve tilskott til skogsdrift der driftskostnadane er spesielt høge pga. lang terrengtransport og til drift der ein styrkjer veginvesteringane i områder med gode og etablerte skogsbilvegar ved å få større og mer samanhengande felt med høgproduktiv kvalitetsskog.

Det er sett ein god del vilkår for å kunne gje tilskott. Både vilkår og satsar kan ein få ved å henvende seg til kommunenens skogbrukssjef.

Tilskott til bygging av skogsvegar

Det kan bli gitt tilskott til nybygging eller ombygging av eksisterande skogsvegar. Det skal berre gis tilskott til vegar som er behandla og godkjende etter «Forskrift om planlegging og godkjenning av veier til landbruksformål», eller etter plan- og bygningslova. Det blir ikkje gitt tilskott til enkel traktorveg, vegklasse 8, vedlikehald og til veganlegg der anleggskostnadene er under 50.000,- kroner. Det kan gis ekstra tilskott til vegplanlegging og byggeleiing utført av profesjonell eller godkjend vegplanleggjar.

Det er sett ein god del vilkår for å få tilskott. Både vilkår og satsar kan ein få ved å henvende seg til kommunen sin skogbrukssjef.