Søknad SFO
Påmelding til SFO skal skje elektronisk. Frist for påmelding er 30. april 2019.
Påmelding, avmelding og SFO-ferie skjer via søknadsportalen https://skole.visma.com/tysver (innlogging med elektronisk ID, t.d. kodebrikke eller Bank-ID på mobil).
Klikk HER om du treng meir informasjon og rettleiing om korleis påmeldinga skal gjerast
Tysvær kommune gjev elevar i 1. til og med 4. klasse eit tilbod om skulefritidsordning i samsvar med opplæringslova. Skulefritidsordninga skal gje barn som treng det, ein trygg stad å vera før og etter ordinær skuletid.
Tysvær kommune har 5 ulike SFO-tilbod
Til informasjon:
- Påmeldingsfrist: 30. april 2019
- Registrert betalar får skattefrådraget
- Halv betaling i august og juni
- Ferie-SFO blir fakturert i gjeldande måned.
- All påmelding, avmelding og ferie-SFO skal meldast via søknadsportalen, meldingar via sms/e-post er ikke gjeldande.
- Kjøp av enkeltdagar ved ledig kapasitet er mogleg. Den enkelte SFO avgjer.
- SFO har stengt på skulane sine planleggingsdagar
- Barnet er påmeldt SFO ut 4. trinn eller inntil avmelding føreligg.
- Avmelding for neste skuleår, må skje innan utgangen av mai.