• Påmeldingsfrist er 15. april, men er dette året utsett til 07.06.20 grunna koronasituasjonen.
  • Påmelding og oppseiing skjer via søknadsportalen for Tysvær kommune:

           http://skole.visma.com/tysver 

  • SFO-tilbodet gjeld 1.-4. årstrinn og for barn med særskilte behov for 1.-7. trinn.

 Det er fem ulike tilbod: 

Tilbod Tidsramme Pris f.o.m. 01.08.20 (pr mnd)
SFO 1 07:00-skulestart 945
SFO 2 Skuleslutt til 15:30 2115
SFO 3 Skuleslutt til 16:30 2350
SFO 4 07:00 til skulestart + skuleslutt til 15.30 3058
SFO 5 07:00 til skulestart + skuleslutt til 16.30 3295
     
   Tilbod utanom ordinær SFO-tid (Pris f.o.m. 01.08.20) 
  Ekstra dag (planleggingsdag/feriedag) pr. dag 250 
  Ferieveke 885

SFO følgjer skuleruta og er stengt i juleferien og fire samanhengande veker i juli.

NB! Betaling over 10 månader

  • Alle barn som er påmelde innan fristen, får tilbod om plass.
  • Ved seinare påmelding, får ein tilbod dersom det er kapasitet.
  • Påmelding til skulefritidsordninga er bindande.
  • Barnet beheld plassen til det er ferdig med 4. trinn eller til plassen blir sagt opp skriftleg og oppseiingstida er gått ut.
  • Oppseiingstida er 3 månader rekna frå den 1. i påfølgande månad.
  • Oppseiinga må vere registrert innan 30. april dersom barnet ikkje skal bruke SFO-plassen komande skuleår.

Tilbod på planleggingsdagar og ferietilbod

  • Alle foreldre kan kjøpe separate ferieveker for hausthalvåret og vårhalvåret og enkeltdagar dersom kapasitet.
  • Ferie-SFO er felles for heile kommunen og er lagt til ein skule. 
  • Det blir gitt tilbod om SFO på skulen sine planleggingsdagar.

Redusert foreldrebetaling i SFO (1. og 2. trinn) for familiar med låg inntekt

Regjeringa innfører frå 1. august 2020 ei nasjonal ordning som sikrar at ingen hushald skal betale meir enn seks prosent av si skattbare inntekta for ein plass i SFO for 1. og 2. trinn. Ordninga gjeld berre etter skriftleg søknad til kommunen via søknadsportalen.

Søknadsportalen: https://skole.visma.com/tysver

Vilkår

  • For 2020-2021 gjeld ordninga for hushald med ei samla inntekt som er lågare enn kr 549 200 kroner pr. år (for full plass/SFO5) i Tysvær kommune.
  • Innslagspunkt for redusert foreldrebetaling vert justert etter kva tilbod ein nyttar. 
  • Inntekta må dokumenterast.
  • Barnet/barna må ha stadfesta plass i SFO på 1. og/eller 2. trinn, og hushaldet må ha ei faktisk utgift til SFO.                                     
  • Ordninga gjeld per barn per år for eit skuleår om gangen.
  • Foreldre/føresett(e) må søkje om dette for kvart år det er aktuelt.
  • Foreldre/føresett(e) som søkjar må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet.
  • Ved endring av SFO opphold i løpet av skuleåret, vil betalingsreduksjonen automatisk endres uten nytt vedtak.

Ein må dokumentera den samla bruttoinntekta til hushaldet. Når du søker må du senda inn dokumentasjon

Korleis søka

Som hovudregel må det søkast for kvart skuleår. Men det kan òg søkast undervegs i skuleåret ved vesentlege og varige endringar av inntekt. Vedtaket om redusert foreldrebetaling blir effektuert månaden etter søknaden er komme inn.

Søknaden vert sendt til kommunen via søknadsportalen: https://skole.visma.com/tysver

  • Velg knappen "Søknader" på barnet du søker for.
  • Gå vidare til "Redusert betaling, søknader"
  • Grunngjeving: Skriv eit søknadsnotat – T.d. kvifor du søkjer, sivilstatus etc.
  • Last opp dokumentasjon på hushaldninga si inntekt som t.d. skattemelding siste år, lønnsslipp, utbetalingsvedtak etc.

Vedtaket blir berekna ut frå skattepliktig inntekt. Søkar er pliktig til å informera kommunen om vesentlege endinger i inntekter undervegs i skuleåret (endring av utrekningsgrunnlaget).