• Påmeldingsfrist er 15. april, men er dette året utsett til 07.06.20 grunna koronasituasjonen.
  • Påmelding og oppseiing skjer via søknadsportalen for Tysvær kommune:

           http://skole.visma.com/tysver 

  • SFO-tilbodet gjeld 1.-4. årstrinn og for barn med særskilte behov for 1.-7. trinn.

 Det er fem ulike tilbod: 

Tilbod Tidsramme Pris f.o.m. 01.08.20 (pr mnd)
SFO 1 07:00-skulestart 945
SFO 2 Skuleslutt til 15:30 2115
SFO 3 Skuleslutt til 16:30 2350
SFO 4 07:00 til skulestart + skuleslutt til 15.30 3058
SFO 5 07:00 til skulestart + skuleslutt til 16.30 3295
     
   Tilbod utanom ordinær SFO-tid (Pris f.o.m. 01.08.20) 
  Ekstra dag (planleggingsdag/feriedag) pr. dag 250 
  Ferieveke 885

SFO følgjer skuleruta og er stengt i juleferien og fire samanhengande veker i juli.

NB! Betaling over 10 månader

  • Alle barn som er påmelde innan fristen, får tilbod om plass.
  • Ved seinare påmelding, får ein tilbod dersom det er kapasitet.
  • Påmelding til skulefritidsordninga er bindande.
  • Barnet beheld plassen til det er ferdig med 4. trinn eller til plassen blir sagt opp skriftleg og oppseiingstida er gått ut.
  • Oppseiingstida er 3 månader rekna frå den 1. i påfølgande månad.
  • Oppseiinga må vere registrert innan 30. april dersom barnet ikkje skal bruke SFO-plassen komande skuleår.

Tilbod på planleggingsdagar og ferietilbod

  • Alle foreldre kan kjøpe separate ferieveker for hausthalvåret og vårhalvåret og enkeltdagar dersom kapasitet.
  • Ferie-SFO er felles for heile kommunen og er lagt til ein skule. 
  • Det blir gitt tilbod om SFO på skulen sine planleggingsdagar.

Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga

Ihht vedtektene skal ingen hushaldningar betale meir enn 6 % av samla skattbar inntekt som foreldrebetaling i SFO. 
Ein kan då søke om redusert foreldrebetaling.