40 skoler i 18 kommunar i 16 fylker har fått plass i Læringsmiljøprosjektet 2015-2017. Det inneber fire semester med hjelp og oppdatert kunnskap om mobbing, klasseleiing og skuleutvikling.

Tysværvåg er saman med Grinde og Nedstrand blant desse. Med valspråket «Ein treng ikkje vere dårleg for å bli betre» går me inn i samarbeidet med Læringsmiljøsenteret med ei klar forventning om å bli enda betre til å avdekka, stoppa og førebyggja mobbing.

tl

For å lukkas i arbeidet med å bli ein mobbefri skule er det avgjerande at elevane opplever vaksne som bryr seg, har felles forståing av kva som er god klasseleiing og som ser dei.

Prosjektet har fått ein god start. Dei tilsette har møtt Håvard og Anne, dei som skal leia prosjektet. Målet er at alle elevane saman med foreldre og føresette skal merke effekten av prosjektet i løpet av prosjektperioden.

Dersom du vil vite meir om læringsmiljøprosjektet kan du sjå på desse linkane;

http://laringsmiljosenteret.uis.no/prosjekt-og-program/laeringsmiljoeprosjektet/

https://www.regjeringen.no/nb/tema/utdanning/grunnopplaring/artikler/laringsmiljo-og-mobbing/id2353806/

http://laringsmiljosenteret.uis.no/

http://www.udir.no/Laringsmiljo/Laringsmiljo/Skoler-og-kommuner-med-hoye-mobbetall-over-tid/http://www.udir.no/Laringsmiljo/Laringsmiljo/Skoler-og-kommuner-med-hoye-mobbetall-over-tid/