Omsetningsoppgåve og bevillingsgebyr

Alle som har ei sals- eller skjenkebevilling må kvart år betale eit bevillingsgebyr til kommunen. Storleiken på gebyret avheng av kor mykje alkohol som vert selt. Opplysningar om alkoholsalet sendast til Økonomiavdelinga i omsetningsoppgåva. Fristen for å levere omsetningsoppgåva er 1. mars kvart år. 

Kva skjer viss du ikkje leverer oppgåva eller ikkje betaler gebyret?

  • Viss du ikkje leverer omsetningsoppgåva innan fastsett frist, får du tildelt to prikkar.
  • Om du ikkje betalar bevillingsgebyret innan fastsett frist får du ytterlegare to prikkar.
  • Får du tolv prikkar eller fleire i løpet av to år, inndrar vi sals- eller skjenkebevillinga di i minimum ei veke.

Korleis levere omsetningsoppgåva?

Bevillingshavarar med fleire bevillingar må sende inn eitt skjema for kvart enkelt sals- eller skjenkestad. Skjemaet fyllast ut av styreleiar eller dagleg leiar i selskapet. Personar med fullmakt kan også sende inn skjemaet.


Her kan du levera omsetningsoppgåva
 external link blue 12px