Ambulerande skjenkeløyve/skjenkeløyve ved enkelthøve kan søkjast av personar som ønskjer å servera alkoholhaldig drikke i samband med eit lukka selskap eller eit bestemt høve.

Ambulerande skjenkeløyve 

  • Vert brukt ved bryllaup, jubileum og liknande.
  • Ikkje knytt til ein bestemt person eller skjenkestad, og gjeld berre skjenking til lukka selskap.
  • Arrangementet må vera ope berre for inviterte gjester. 
  • Vanlege medlemsmøte i ei foreining vil ikkje oppfylla lovas krav til lukka selskap. Klubbar med avgrensa medlemskap vert ikkje automatisk rekna som lukka selskap.

 Du må søkja om ambulerande skjenkeløyve dersom

  • Du leiger lokale og fleire tenester av utleigar, til dømes vasking og servering.
  • Du tar betalt for alkohol.
  • Arrangementslokalet har serveringsløyve.

Skjenkeløyve ved enkelthøve

  • Vert brukt ved enkeltarrangement som ikkje er lukka selskap.
  • Ansvarleg skjenkestyrar må vera over 20 år.

Du må søkja om skjenkeløyve ved enkelthøve dersom

  • Arrangementet ikkje er for eit lukka selskap
  • Du inviterer/annonserer via annonsar, plakatar eller sosiale medier
  • Lokalet som blir benytta er alment tilgjengeleg for offentlegheita og definert som eit forsamlingslokale

Pris

Ambulerande skjenkeløyve til lukka selskap kostar kr 340 pr gong.

Skjenkeløyve ved enkelthøve kostar:

  • inntil 150 deltakarar kr 1000 pr gong
  • inntil 500 deltakarar kr 1500 pr gong
  • over 500 deltakarar kr 2000 pr gong

Søk om ambulerande skjenkeløyve/ skjenkeløyve ved enkelthøve external link blue 12px