Farleg avfall er avfall er avfall som inneheld stoffer som kan vere miljø- og helseskadelege og skal sorterast særskilt slik at det blir handtert på forsvarleg vis. Eksempel på farleg avfall er malingsrester, lakk, lim, ulike kjemikalier, lystoffrøyr/sparepærer, sprayboksar, bilprodukt og plantevernmidler. Sjå etter faremerkingar på produktet, slik som helsefare, etsende, miljøfare, giftig, brannfarlig, etc. Levering av farleg avfall til dei interkommunale mottaka er gratis for privatpersonar. Unntaket her er asbestholdig avfall, som det er eigne reglar for. Meir informasjon om dei interkommunale mottaka finn ein på HIM sine nettsider.

Elektronisk avfall, såkalla EE-avfall kan innehalde miljø- og helseskadelege stoffer, og skal ikkje kastast i restavfall. Alle butikkar som sel slike elektroniske varer er plikta til å ta i mot avfall av den typen dei sel frå privatpersonar, så slikt kan ein levere til butikk. Ein kan også levere til HIM sine mottak. Medisinrester kan leverast til apotek.

Hjelp til sortering kan ein finne ein på www.sortere.no.

For næringsverksemder er det krav om elektronisk deklarering av farleg avfall. Meir informasjon finn ein på Miljødirektoratet si nettside.