Alle godkjente reguleringsplanar i Tysvær kommune er tilgjengeleg digitalt. I kartløysinga finn du godkjente reguleringsplanar med tilhøyrande planmateriell.

Lenke til digital kartløysing  link out icon 16
 

Rettleiing til bruk av digital kartløysing

Trykk på lenke til digital kartløysing over. Dette vil opne eit nytt vindu og vise deg eit kart over Tysvær kommune.


Trykk på Menyknappen øverst til venstre og deretter på Velg kommune. I nedtrekksmenyen som dukker opp på høgre side velger du Tysvær kommune.

bilde01


Under Tysvær kartlag velger du "Reguleringsplaner". Zoom inn på det aktuelle området du ønskjer å sjå reguleringsplan for. Du kan også skrive inn eit gards- og bruksnummer i søkefeltet.

bilde02
 

Når du har funne fram til den reguleringsplanen du ønsker å sjå, klikk på kartet for å få opp meir informasjon. Klikk deretter på Reguleringsplaner" og så på "Reguleringsplan". Du vil då få informasjon om planstatus, plannamn, vedtaksdato m.m.

bilde03


Dersom du vil sjå plandokumenta, trykk på Planarkiv nederst i boksen til høgre. Dette vil ta deg til ei ny side som ser slik ut:

bilde04

​På denne sida finn du opplysningar om reguleringsplanen, plandokumenta og sakshandsaminga. Her kan du til dømes laste ned plankart, føresegner og planskildringa. 


Her finn du rettleiing til kartløysinga i PDF-versjon