Informasjon til deg som er pasient eller pårørande

Pakkeforløp for psykisk helse og rus skal gi deg som er pasient eller pårørande, eit heilskapleg og føreseieleg behandlingsforløp utan unødig ventetid. Du skal få vere med og påverke behandlinga, og behandlinga skal evaluerast systematisk undervegs.

Brukarmedverknad

Helsepersonell skal involvere deg som pasient i alle avgjerder som gjeld deg. Når du ber om hjelp, skal du få god informasjon om dei ulike behandlingsalternativa og tenestetilboda vi tilbyr, slik at du kan ta eit informert val om behandling og oppfølging.

Du skal få tilbod om å vere med å utforme tilvisinga til behandling saman med tilvisaren. Du skal òg få vere med å utarbeide behandlingsplanen saman med behandlaren. Undervegs skal det jamleg vurderast om tilbodet er i tråd med det du ønskjer og forventar.

Brukarmedverknad inneber òg at du har ansvar for å seie frå om kva som er viktig for deg, og om du synest behandlinga og oppfølginga gir deg det du treng for å bli betre. Dersom du opplever at du ikkje blir høyrd eller teken med i avgjerder som gjeld deg, bør du snakke med ein ansvarleg fagperson eller nokon andre du har tillit til som kan hjelpe deg med å formidle dette vidare.

Du bør få informasjon om kva slags brukar- og pårørandeorganisasjonar som finst innanfor feltet psykisk helse og rus. Dersom du ikkje får denne informasjonen, kan du sjølv be om informasjon hos behandlaren. Brukarorganisasjonane er drivne av brukarar som sjølve har erfaring med psykisk helse og rusutfordringar. Her kan du få hjelp og støtte frå likepersonar, du kan få informasjon om rettane dine, og du kan få hjelp til å klage.

Rolla og rettane til dei pårørande

Du som er pårørande, er ofte den viktigaste støtta til pasienten. Du kan bidra med viktig informasjon, gi gode råd og vere ein samarbeidspartnar for pasienten gjennom forløpet. Helsepersonell skal vere merksame på behova dine og bidra til at behandlinga og oppfølginga har eit familieperspektiv. Barn og søsken som er pårørande, skal takast vare på ein god måte.

Korleis du som pårørande er involvert, er mellom anna avhengig av kva for ei rolle du har i behandlings- og omsorgssituasjonen, til dømes om du har omsorg for pasienten, om du er ein del av nærmiljøet til pasienten, eller om du representerer han eller henne. Jo meir alvorleg tilstanden eller lidinga er, desto viktigare er det å involvere dei pårørande.

Uansett skal helsepersonellet leggje til rette for ein god og føreseieleg dialog med deg som pårørande under heile behandlinga og oppfølginga.

Har du behov for å snakke med andre som har vore eller er i same situasjon? Lurer du på korleis andre takla den første tida med sjukdom? Det finst pårørandesenter og pårørandeorganisasjonar med høg kompetanse i å støtte og rettleie pårørande. Tilboda er gratis, og du treng ikkje tilvising.

Tilvising

Kommunen ved psykolog/fastlege startar pakkeforløpet ved å sende ei tilvising til spesialisthelsetenesta. Pakkeforløpet blir målt og registrert først når spesialisthelsetenesta mottar tilvisinga.  Kommunen har ansvar for å sikre den nødvendige oppfølginga mens du ventar på ei eventuell behandling i spesialisthelsetenesta. Når spesialisthelsetenesta har fått tilvisinga, vurderer dei om du har rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta. Dersom du har det, får du eit brev med informasjon om kven du skal møte til samtale, og kvar og når du skal møte. Planlegging av utgreiing og behandling skal skje i tett samarbeid med deg. Dersom pasienten ikkje får innvilga rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta kan pasienten likevel ha rett på helsetenester i kommunen, då ikkje i form av pakkeforløp.

Forløpskoordinator

Det skal vere ein forløpskoordinator både i kommunen og i spesialisthelsetenesta. Forløpskoordinatoren skal vere med og sikre at utgreiing, behandling og oppfølging er individuelt tilpassa og skjer utan unødvendig ventetid. Forløpskoordinatoren vil vere ein viktig kontaktperson for deg og eventuelt dei pårørande og kan svare på spørsmål og gi informasjon om kva som skal skje undervegs i eit forløp.

Kontaktperson forløpskoordinator for psykisk helse og rus i Tysvær

I Tysvær kommune kan følgjande personar kontaktas for nærare informasjon om pakkeforløpa:

Christine Berge Christiansen, koordinerende enhet tlf.: 52 75 70 40
Audhild Drivdal Frøyland, psykisk helseteam, barn/familie tlf.: 52 75 88 91
Margun Susort, Psykisk helsetjeneste tlf.: 52 75 89 09

Samhandling

Mange har bruk for fleire helse- og omsorgtenester over lang tid. Dersom du har behov for det, har du rett til ein individuell plan der du i samarbeid med dei som yter tenestene, set opp kva slags mål du har, kva for tiltak som skal til for å nå måla, og kven som har ansvaret. Søknad (link til skjema) sendes til Koordinerende enhet/Tildelingskontoret.

Barn og unges helseteneste

Det er utvikla tilstandspesifikke samhandlingsforløp for barn og unge med psykiske helseplager. Med samhandlingsforløpa skal ein få betre og meir samanhengande helsetenester på tvers av kommune og spesialisthelsetjeneste. Samhandlingsforløpa beskriv korleis ulike tenester i både kommune og spesialisthelseteneste arbeider med tilstandsbildet. Dei inneheld konkrete forslag til kartlegging, aktuelle tiltak og samarbeid med andre tenester.

Informasjon:

Du finn meir informasjon om pakkeforløpa her:

Annan relevant informasjon: