Post 6 - Skjoldafjorden

Skjoldafjorden er ein del av Hervikfjorden og Boknafjorden på grensa mellom Tysvær kommune og Vindafjord kommune i Rogaland. Denne delen av fjorden startar like nord for Borgøy og strekkjer seg rett nordover til tettstaden Skjold i Vindafjord.

Fjorden har innløp ved Slogvikøya ved Slogvik, og eit lite stykke lenger nord stikk den nesten 2,5 km lange Romsalandsvågen seg vestover.

Heile fjorden er 38 km lang. Skjoldafjorden er ein terskelfjord. Og ein terskelfjord er en fjordarm med lite utskifting av vatn.

Skjoldastraumen, der terskelen er, har den eldste saltvasslusa i Noreg som framleis er i bruk. På grunn av flo og fjære blir det i det smale sundet en sterk strøm som gjorde det vanskelig for skip å komme inn og ut i Skjoldastraumen. Slusene ble offisielt opna den 14. november 1908. Skjoldafjorden er kåra til ein av Noregs beste fiskeplassar. På innsida av slusene får du helst ferskvassfisk som sjøaure og laks.