For å omsetje mål for kulturskolen til praktisk arbeid, og for å få han til verkeleg å bety noko for elevane våre, har lærarar og administrasjon i saman utarbeida ein Pedagogisk plattform. Plattforma er grunnlaget for undervisningstimen og anna verksemd. Tysvær kulturskole har valt seg ut tre satsingsområder for plattforma;

  • Vi legg vekt på eit bredt og kvalitativt godt undervisningstilbod
  • Vi legg vekt på framføring og formidling
  • Vi legg vekt på eit godt samarbeid med heimen

1. Vi legg vekt på eit bredt og kvalitativt godt undervisningstilbod Dette får vi til ved å satse på:

  • Samanhengande tilbod til barn og unge innan musikk, dans, biletkunst og teater frå 0 år
  • Godt kvalifiserte lærarar som bryr seg om utviklinga til den enkelte eller gruppa ved å motivere, setje krav til innsats og ved å bidra med fagkunnskap og rettleiing
  • Undervisningstime åleine med lærar, eller i grupper tilpassa nivå og kvart fag sin eigenart
  • Kontinuitet ved eit pedagogisk planlagt løp over fleire år (sjå fagplanane), vi prøver også alltid å skaffe vikar når fast lærar er borte frå undervisninga
  • Samspel for instrumentalelevar, både i fast organiserte grupper og i kortare prosjekt. Å spele saman gjev speleglede, musikalsk erfaring og er med på skape eit sosialt miljø
  • Talentutvikling; Vi tar hand om elevar som syner ekstra stor interesse og evner, ved å gi ekstra undervisningstid, kunstnariske utfordringar lokalt og ved å lose desse elevane inn i aktuelle talentprogram lokalt og regionalt.

2. Vi legg vekt på framføring og formidling

Konsertar, førestillingar og utstillingar, er sentrale element i kunst og kulturutøving. Desse arenaene er paraplyen over våre aktivitetar, og dermed noko våre elevar må erfare på ulike nivå. Dette får vi til ved følgjande grep;

  • Ulike framføringsarenaer; Lage små og store konsertar og framføringsarenaer for elevane våre. Alle våre elevar bør møte desse situasjonane som utøvar eller publikum, gjennom eit skuleår
  • Pedagogisk tilrettelegging; Framføring skal alltid vere godt forberedt gjennom undervisninga, stå i ei trygg ramme for eleven og gje ei positiv kjensle av mestring og glede ved å formidle og uttrykke seg
  • Inspirasjon; Kulturskolen ønskjer at elevane våre skal få møte profesjonelle utøvarar og vi freistar å legge til rett for dette gjennom vår praksis

3. Vi legg vekt på eit godt samarbeid med heimen

Foreldra og heimen er ein ressurs for kulturskolen når det gjeld å skape gode forhold for læring og utvikling for våre elevar. Dette ønskjer vi å styrke ved å satse på følgjande tiltak;

  • Fagplanar for alle fag tilgjengeleg på heimesida vår
  • Skriftlege melding om lekser
  • Informasjonsmøte ved skulestart i august (ikkje kvart år)
  • Foreldresamtale i februar (instrumentalopplæringa)
  • Foreldremøter for gruppetilbod. Dvs. dans, tilbod for dei yngste, teater og biletkunst
  • Heimeside som er oppdaterte med aktuell informasjon
  • SMS til heimen når det gjeld meldingar som skal ut til elevane raskt
  • Svar på spørsmål. Administrasjon og lærarar er tilgjengelege for foreldre som har spørsmål kontakt gjennom skuleåret
  • Foreldremedverknad og praktisk hjelp ved arrangement
  • Foreldreutvalg