Generell informasjon om reguleringsplanar:

Ein reguleringsplan er eit kart over eit avgrensa område i ein kommune. Planen skal tydeleg vise framtidig utnytting av området, og gje ei avklaring av kva byggje- og anleggstiltak som kan gjennomførast i området. Til plankartet er det også knytt eit sett med reguleringsføresegner.

Det fins to typar reguleringsplanar: områdereguleringsplanar og detaljreguleringsplanar. Områdereguleringsplanar kan berre utarbeidast i kommunal regi, men detaljreguleringsplanar kan vere både i privat og kommunal regi.

Bestille oppstartsmøte:

Når en ynskjer å gå i gong med reguleringsarbeidet, må det bestillast oppstartsmøte med kommunen. Det blir gjort bestilling av oppstartsmøte via Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.. Her må ein forklara kva planarbeidet gjeld, samt leggje ved kartgrunnlag og andre relevante dokument. Tilbakemelding frå kommunen om møtetidspunkt blir gitt innan 2 veker frå kommunen har fått bestillinga.

Utarbeide og sende inn forslag til detaljreguleringsplan:

  • Konsulentfirmaet som utarbeidar reguleringsplanen varslar oppstart av planarbeidet i Haugesund Avis og Tysvær Bygdeblad, samt at det blir lagt ut artikkel på kommunen sine eigne nettsider, og eventuelt på kommunen si side på Facebook. Det må også sendast eit eige varsel til grunneigarar, festerar og andre rettighetshavarar, naboar, gjenbuarar, aktuelle lag og organisasjonar, velforeiningar, offentlege myndigheiter og organ samt andre som kan ha interesse av planarbeidet, eller blir omfatta av arbeidet.
  • Kunngjeringa består av ei kartskisse med avgrensing av planområdet og ei framstilling av forslaget, med omtale av det planlagde føremålet og eventuelle konsekvensar. Det må også opplysast om kor ein kan sende inn merknadar/kommentarar.
  • Om planen krev konsekvensutgreiing (KU), skal planprogrammet leggast ut på høyring samstundes.
  • Frist for merknadar skal settast til seks veker frå varsling.

Plankonsulent skal utarbeide planforslag etter siste sosi-versjon for digitale planar: sjå, Nasjonal produktspesifikasjon for digitale planer.

Alle dokumenter skal sendast inn i filformat PDF, men føresegnene må også sendast inn i redigerbart format (word). Plankart må i tillegg sendast i filformat SOSI.

Nødvendig dokumentasjon:

  • Planomtale med risiko- og sårbarhetsanalyse
  • Reguleringsføresegner
  • Digitalt plankart
  • Konsekvensutgreiing (KU) - ved krav om KU
  • Varslingar - kopi av kunngjeringsannonse (datert), samt varslingsbrev og liste over kven som er varsla
  • Merknader og uttalar til planforslaget – merknadene som er komen inn skal sendast inn, saman med forslagsstillar sine eigne kommentarar.
  • Eventuell nødvendig tilleggsdokumentasjon om det er nødvendig

Offentleg ettersyn og høyring:

  • Saksbehandlingsfrist er 12 veker frå det er motteke eit komplett planforslag.
  • Ved mottak av planforslaget blir dokumenta gjennomgått og eventuelle mangler blir opplyst om.
  • Komplett planforslag behandlast og blir lagt frem for Teknisk utval, som fattar vedtak om forslaget skal leggast ut til høyring og offentleg ettersyn.
  • Kommunen kunngjer så vedtak om offentleg ettersyn og høyring i Haugesunds Avis og Tysvær Bygdeblad, på kommunen sine nettsider og eventuelt på Facebook.
  • Dei same partane/offentlege instansane og andre som fekk varsel om oppstart av planarbeidet, vil også bli varsla i eige skriv.
  • Det bes om innsending av merknadar og uttalar innan 6 veker, anten til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller i brevs form.

Planvedtak:

  • Etter at høyringsfristen er ute sender kommunen innkomne merknadar og uttalar til plankonsulent for vurdering og kommentarar.
  • Merknadar og uttalar med kommentarar blir etter dette innarbeidd i planforslaget.
  • Plankonsulent sender så eit revidert planforslag til kommunen.
  • Eit ferdig planforslaget blir behandla i teknisk utval, og teknisk utval sin innstilling blir så sendt over til kommunestyret, som fattar eit endeleg vedtak om godkjenning av reguleringsplanen.
  • Etter at planen er ferdig behandla blir reguleringsplanen kunngjort, i aviser og på nett, samt at parter, naboar, offentlege instansar og andre blir informert om vedtaket.
  • Det blir så sendt ut faktura for behandlingen.

Aktuelle lover og forskrifter: