Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ei alternativ organisering av praktisk og personleg bistand for personar med stort hjelpebehov i dagleglivet både i og utanfor heimen.

BPA erstattar blant anna hjelp frå heimebaserte tenester, personalet i ein omsorgsbustad eller ein institusjonsplass.

BPA blir vurdert i høve til kva brukaren ville ha blitt tildelt ved ordinære tenester, slik som praktisk bistand (heimehjelp), støttekontakt eller anna.

Ved vedtak om BPA blir brukaren eller pårørande/verje  arbeidsleiar og tek på seg ansvar for  den daglege organiseringa av tenesta. Innanfor tildelte timar styrer brukar/arbeidsleiar innhald ut frå behov.

Det blir berekna eigenbetaling på den delen av tenesta som blir definert som praktisk bistand.

Dersom BPA blir innvilga vil søkar få beskjed om det kan veljast assistent i samarbeid med kommunen eller frå privat leverandør.

For meir informasjon om retten til BPA sjå pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 d

Målsetting

Målet er at brukaren får eit mest mogleg aktivt og uavhengig  liv trass i funksjonshemminga si.

Målgruppe

Personar med funksjonshemming med eit samansett og omfattande behov for tenester .

Vilkår

Søknaden vert vurdert etter Helse og omsorgstjenesteloven og Pasient og brukerrettighetsloven. Føresetnaden er at bistandsbehovet ditt er så stort, eller av ein slik art, at det er meir formålstenleg å nytta brukarstyrt personleg assistanse i staden for tradisjonelle omsorgstenester.

Rettleiing

Du kan kontakte Tildelingskontoret i kommunen for å få hjelp til å søke, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du treng det. Dersom ein annan søker for deg, må vedkomande ha fullmakt.

Søknad

pdf Søknad om Helse og omsorgstenester (104 KB)

Slik søker du

Send søknad til Tysvær Kommune v/Tildelingskontoret, postboks 94, 5575 Aksdal. Tildelingskontoret behandlar søknaden din og fattar vedtak. I samband med saksbehandlinga kan det vere aktuelt å kome på eit heimebesøk.