Du som har eit særlig tyngjande omsorgsarbeid har rett til å få opplæring og veiledning i rolla som pårørande og omsorgsytar. Dette kan til dømes vere opplæring og veiledning i:

  • korleis du ivaretar den du gir omsorg til på ein forsvarleg måte
  • å arbeide førebyggjande med helsesituasjonen din
  • rettar du har som pårørande
  • pårørandetilbod

 

Målgruppe:

Vilkår for avlasting:

  • den som treng pleie må bu heime
  • omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngjande og gjelde nødvendige oppgaver
  • omsorgsytar utfører omsorgsarbeid som kommunen ville ha plik til å utføre dersom omsorgsytaren ikkje hadde gjort det
  • både den som har eit hjelpebehov og omsorgsytaren ynskjer at omsorgsarbeidet skal fortsetje
  • Kommunen vurderer om opplæring og veiledning er det beste alternativet, eventuelt saman med andre hjelpetiltak.

Mange gir omsorg til sine næraste utan at dette blir definert som særleg tyngjande.

Når kommunen skal vurdera om omsorgsarbeidet er særleg tyngande legg kommunen mellom anna vekt på:

  • om søkjaren arbeider mange timar per månad
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvn
  • korleis omsorgsarbeidet er fordelt over tid, om det skjer i periodar eller heile tida
  • om omsorgsarbeidet har vart eller er forventa å vare i lang tid
  • om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
  • om søkjaren har omsorg for meir enn ein person
  • om søkjaren har omsorgsplikt

 

Lovverk/ heimel:

Opplæring og veiledning er heimla i Helse- og omsorgstenestelova § 3-6.

 

Slik søkjer du:

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om opplæring og veiledning. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein tenkjer seg at det vil bli gjort eit vedtak. Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk for å kartlegge heimesituasjonen.

Søknadsskjema: Søknad om Helse og omsorgstenester

Tildelingskontoret ber om at skjema for Egenregistrering av bistandsbehov vert fylt ut og lagt ved søknaden.