Omsorgsstønad kan bli gitt til deg som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid for barn eller vaksne med stort pleiebehov. Omsorgsarbeidet må skje i eigen heim. Målet er at familien fortset å ha omsorg for sine næraste. Omsorgsstønad er eit fast beløp kvar månad som skal gi ei godtgjersle for nokre av timane du bruker på pleie- og omsorgsarbeid i heimen. Kommunen kan vurdera at andre tiltak eller tenester skal vere utprøvd og evaluert før omsorgsstønad vert innvilga.

 

Målgruppe

Vilkår for omsorgsstønad:

  • den som treng pleie må bu heime
  • omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngjande og gjelde nødvendige helse- og omsorgstenester
  • omsorgsytar utfører omsorgsarbeid som kommunen ville ha plikt til å utføre dersom omsorgsytaren ikkje hadde gjort det
  • både den som har eit hjelpebehov og omsorgsytaren ynskjer at omsorgsarbeidet skal fortsetje
  • om du ikkje allereie er innvilga hjelpestønad frå NAV, må du søkje om dette samstundes: Hjelpestønad

Kommunen vurderer om omsorgsstønad er det beste alternativet, eventuelt saman med andre hjelpetiltak. 

Mange gir omsorg til sine næraste utan at dette vert definert som særleg tyngjande. Når kommunen skal vurdera om omsorgsarbeidet er særleg tyngjande legg vi mellom anna vekt på:

  • om søkjaren arbeider mange timar per månad
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvn
  • korleis omsorgsarbeidet er fordelt over tid, om det skjer i periodar eller heile tida
  • om omsorgsarbeidet har vart eller er forventa å vare i lang tid
  • om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
  • om søkjaren har omsorg for meir enn ein person
  • om søkjaren har omsorgsplikt

 

Lovverk/ heimel

Omsorgsstønad er heimla i Helse- og omsorgstenestlova § 3-6: «kommuner skal ha tilbud om omsorgsstønad til personar som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid». Nærare retningslinje for tildeling av omsorgsstønad følgjer av "Rundskriv I-42/98 Omsorgslønn"  

 

Slik søkjer du

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgsstønad. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan søkje om stønaden. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein tenkjer seg at det vil bli gjort eit vedtak. Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk for å kartlegge heimesituasjonen.

Søknadsskjema: Søknad om Helse- og omsorgstenester

Tildelingskontoret ber om at skjema for Egenregistrering av bistandsbehov vert fylt ut og lagt ved søknaden.