Avlastning er ei teneste til deg som er forelder eller pårørande med eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Avlastning er eit av flere tiltak som vert kalla pårørandestøtte. Føremålet med avlastningstenester er å hindre at du vert overbelasta, og gjere det mogleg for deg å få nødvendig og regelmessig fritid og ferie, og til å delta i vanlege aktivitetar. Avlastning er ikkje ei betalingsteneste.

Kommunen gir tilbod om avlastningsopphald i institusjon eller som privat avlastning. Privat avlastning inneber at ein privatperson vert engasjert som oppdragstakar eller vert tilsett av kommunen som avlastar og tek over omsorga i periodar.

Det er også andre måtar å avlaste deg som pårørande. Kommunen kan innvilge andre tenester med mål om å avlaste deg som pårørande. Dette kan til dømes vere praktisk hjelp i heimen, støttekontakt eller dagtilbod. Kommunen kan vurdera at andre tiltak eller tenester skal vere prøvd ut og evaluert før avlastning vert innvilga.

 

Målgruppe:

Vilkår for avlasting:

  • den som treng pleie må bu heime
  • omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngjande og gjelde nødvendige oppgaver
  • omsorgsytar utfører omsorgsarbeid som kommunen ville ha plik til å utføre dersom omsorgsytaren ikkje hadde gjort det
  • både den som har eit hjelpebehov og omsorgsytaren ynskjer at omsorgsarbeidet skal fortsetje

Kommunen vurderer om avlasting er det beste alternativet, eventuelt saman med andre hjelpetiltak.

Mange gir omsorg til sine næraste utan at dette blir definert som særleg tyngjande. Når kommunen skal vurdera om omsorgsarbeidet er særleg tyngjande legg kommunen mellom anna vekt på:

  • om søkjaren arbeider mange timar per månad
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvn
  • korleis omsorgsarbeidet er fordelt over tid, om det skjer i periodar eller heile tida
  • om omsorgsarbeidet har vart eller er forventa å vare i lang tid
  • om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
  • om søkjaren har omsorg for meir enn ein person
  • om søkjaren har omsorgsplikt

 

Lovverk/ heimel:

Avlastning er heimla i Helse- og omsorgstenestelova § 3-6.

 

Slik søkjer du:

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlastning. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein tenkjer seg at det vil bli gjort eit vedtak. Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk for å kartlegge heimesituasjonen.

Søknadsskjema: Søknad om Helse og omsorgstenester

Tildelingskontoret ber om at skjema for Egenregistrering av bistandsbehov vert fylt ut og lagt ved søknaden.