Langtidsopphald er kommunen sitt tilbod til personar som har eit varig, omfattande og døgnkontinuerleg pleie- og omsorgsbehov, og der tilrettelagte tenester i heimen ikkje lenger er tilstrekkeleg. Kommunen ynskjer at alle skal kunne bu heime, eller i tilpassa bustad, så lenge som mogleg. Om ein person fyller vilkåra for langtidsopphald, men det ikkje er ledig plass ved nokon av omsorgssentra, vil vedkomande bli sett på venteliste. Ventelista gir ikkje fortrinnsrett til plass, då ledig plass gis til den som har størst behov, ikkje nødvendigvis den som har stått lengst på ventelista. Tenesta er heildøgnsbemanna og kommunen krev vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i statleg forskrift

Forskrift om rett til langtidsopphold i sykehjem i Tysvær kommune 

 

Målgruppe:

Langtidsopphald gis hovudsakleg til:

  • personar som har eit varig, omfattande og døgnkontinuerleg behov for pleie og omsorg, som ikkje kan ivaretakast på fagleg forsvarleg måte med hjelp av hjelpemiddel, tilrettelegging av bustad og/eller andre kommunale tenester
  • personar som har behov for pleie og omsorg ved livets slutt

 

Lovverk/heimel:

  • Pasient- og brukarrettighetslova § 2-1a: «Rett til nødvendig hjelp fra kommunens helse- og omsorgstjeneste»
  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 første ledd: «kommunen skal sørge for at personer som oppholder seg i kommunen, tilbys nødvendige helse- og omsorgstjenester»
  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd pkt. 4, 5 og 6 bokstav c: «for å oppfylle ansvaret etter § 3-1 skal kommunen blant annet tilby følgende: plass i institusjon, herunder sykehjem.»

 

Slik søkjer du:

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om langtidsopphald. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein tenkjer seg at det vil bli gjort eit vedtak. Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk for å kartlegge heimesituasjonen.

Søknadsskjema: Søknad om Helse og omsorgstenester