Korttidsopphald er kommunen sitt tilbod til personar som har behov for eit midlertidig opphald på institusjon. Korttidsopphald er ei målretta teneste som tek sikte på å gjere den enkelte i stand til å bu heime lengst mogleg. Tenesta er heildøgnsbemanna. Korttidsopphold er ei betalingsteneste og pris vert fastsett av kommunestyret årleg.

Ein skil mellom to typar korttidsopphald:

 

Målgruppe:

Korttidsopphald gis hovudsakleg:

  • til personar som i ei avgrensa periode har omfattande behov for pleie og omsorg, behandling og/eller rehabilitering/habilitering
  • til personar som har eit behov som ikkje kan ivaretakast på fagleg forsvarleg måte med hjelp av hjelpemiddel, tilrettelegging av bustad og/eller andre kommunale tenester
  • til personar som har behov for pleie og omsorg ved livets slutt

 

Lovverk/heimel:

  • Pasient- og brukarrettighetslova § 2-1a: «Rett til nødvendig hjelp fra kommunens helse- og omsorgstjeneste»
  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 første ledd: «kommunen skal sørge for at personer som oppholder seg i kommunen, tilbys nødvendige helse- og omsorgstjenester»
  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd pkt. 4, 5 og 6 bokstav c: «for å oppfylle ansvaret etter § 3-1 skal kommunen blant annet tilby følgende: plass i institusjon, herunder sykehjem.»

 

Slik søkjer du:

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om korttidsopphald. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein tenkjer seg at det vil bli gjort eit vedtak. Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk for å kartlegge heimesituasjonen.

Søknadsskjema: Søknad om Helse og omsorgstenester