Beskriving

Tysvær kommune skal sørgje for eit fagleg forsvarleg tilbod med døgnopphald til pasientar med behov for kommunal øyeblikkeleg hjelp.

 

Målgruppe

Tenesta gjeld for dei pasientane det er mogleg å utgreie , behandle eller yte omsorg til, jf. Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.

Tilbodet gjeld hjelp som ikkje er planlagd. Kommunen må vurdere kvart enkelt pasientforløp og sjå til at tenesta er forsvarleg.

 

Kriterier

Det er den medisinsk faglege vurderinga som er bestemmande for kva helsehjelp ein pasient skal ha, og kor denne helsehjelpa skal gis.

 

Rettleiing:

Det vil vere legevaktslege eller fastlege som kan legge pasientar inn i dei kommunale øyeblikkeleg hjelp sengene.

Tilbodet er tidsavgrensa med inntil 72 timer.