Bustad er i hovudsak eit privat ansvar. Tenesta omsogsbustad er ikkje lovpålagt, men eit tilbod til innbyggjerar i kommunen som på grunn av helsemessige årsaker treng ein tilrettelagd bustad.  Dersom det er moglegheit for å utbetre/tilretteleggje eigen bustad, skal dette gjerast, slik at ein kan bu i eigen heim lengst mogleg.

 

Målgruppe:

Omsorgsbustader gis hovudsakleg til personar:

  • med nedsett funksjonsnivå
  • som har eit omfattande behov for helse- og omsorgstenester
  • som ikkje har eigen tilrettelagt bustad eller moglegheit for å skaffe seg ein på den private bustadmarknaden

 

Slik søkjer du:

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgsbustad. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein tenkjer seg at det vil bli gjort eit vedtak. Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk for å kartlegge heimesituasjonen.

Søknadsskjema: Søknad om Helse og omsorgstenester

 

Pris:

Husleiga vert fastsett av kommunestyret og er per 1.1.20 på kr. 108,50 / kvm, utgifter til straum kjem utanom. Tryggleiksalarm er installert i bustaden og er ei betalingsteneste.

 
Merknader:

Ved tildeling av bustad, skal kontrakt signerast.