Har du eller nokon du kjenner kreft?

Mange personar blir ramma av kreftsjukdom eller kjenner nokon som har kreft.

Å få ein kreftdiagnose påverkar både dei som blir ramma, og dei som står rundt. Dette aukar behovet for tilgjengelege, tilrettelagde og koordinerte tilbod i kommunen.

Kreftkoordinator er eit tilbod til kreftpasientar og deira pårørande i alle fasar av sjukdommen. Dette er eit lavterskeltilbod i kommunen der du kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator utan søknad eller tilvising.

Målet med ein kreftkoordinator er at pasientar og pårørande skal oppleve trygghet og ein betre kvardag, med hjelp til dei individuelle behova dei har.

Kva kan ein kreftkoordinator hjelpe deg med?

  • Vere ressursperson for deg som er kreftramma og pårørande
  • Gi råd og vegleiing rundt diagnose, behandling, rehabilitering og omsorg ved livets slutt
  • Delta i samtale som kan hjelpe og sortere tankar i ein vanskeleg kvardag
  • Ha oversikt over relevante tilbod og tenester og informera om dette
  • Vere bindeledd mellom deg, fastlegen, spesialisthelsetenesta og kommunen og formidle kontakt med dei ulike tenestene og aktuelle samarbeidspartar
  • Sikre oppfølging av barn og unge som pårørande

Du kan sjølv ta kontakt, eller be fastlegen din, sjukehuset eller andre ta kontakt.

Kontaktinformasjon:

Kreftkoordinator: Kreftsjukepleiar Maria Revheim
Besøksadresse: Tysværtunet, Aksdalsvegen 157, 5570 Aksdal
Telefon: 52 75 70 44
Mobil: 950 15 317
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Kontortid: 
Kvardagar 08.00 – 15.00

pdf icon  Last ned brosjyre