Søknad om fri utanom skuleferiar

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Kontaktlærar kan gje fri i inntil ein dag. Føresette nyttar meldeboka .Dersom ein søkjer om fri utover dette, skal skjema nedanfor fyllast ut og leverast rektor minst ei veke før friperioden. Skulen ser helst at ein ikkje søkjer fri i tentamensperiodar. På grunn av fastsetjing av karakterar/sluttvurdering ,gis det normalt ikkje fri for 10.trinn etter jul.

pdf Varsel om fravær og permisjon

Elevane sitt læringsmiljø

Her finn du informasjon frå Utdanningsdirektoratet om elevane sitt læringsmiljø, sin rett til eit godt psykososialt miljø og arbeidet med mobbing. Arbeid som skulen er forpilkta på å følge opp.

Læringsmiljø

Skulemjølk

Elevane kan få kjøpt mjølk på skulen. Dei kan velja mellom lettmjølk og kakaomjølk. Bestillinga skjer på nett. Skolemelk.no