Innfordring av kommunale krav

Alle fakturaer frå Tysvær kommune har forfall den 25. kvar månad

Dersom du ikkje har betalt fakturaen du har mottatt frå Tysvær kommune ved forfall, vil kravet bli sendt til innfordringsavdelinga i kommunen. Du vil då motta inkassovarsel. Det påløper både gebyr og forsinkelsesrente.

Ved fortsatt manglande betaling vil saken bli innfordra etter fastsatte lover og forskrifter. Det kan blant anna medføre:

  • Oppseiing av Barnehage- /SFO plass
  • Tvangsfråviking frå eigendom (forfalt husleige)
  • Betalingsanmerkning

Ved ein rettsleg inkasso vil det påløpe rettsgebyr i tillegg til allereie påløpte gebyr og renter.

Dersom du har fått krav  til innfordring er det viktig å bruke den betalingsblanketten du har mottatt. Dette sikrar rask og sikker behandling av betalinga, og hindrar at informasjon ikkje kjem fram til innfordringavdelinga.

Har du saker til behandling i innfordringsavdelinga kan du finne informasjon om saken din her: https://eikportal.no/login

Dersom du har spørsmål eller har innvendingar mot sjølve fakturaen din, må du henvende deg til den avdelinga som har sendt deg fakturaen.

Dersom du har betalingsproblem  i forhold til dine fakturaer frå Tysvær kommune er det bra om du tar kontakt så snart så mogleg slik at me kan finne ei løysing saman med deg.