Nye måtar å motta faktura frå Tysvær kommune på

Tysvær kommune endrar metode for å senda ut faktura for å få flere til å velge digitale løysingar. Den nye løysinga medfører også endring på fakturablanketten for dei som fortsatt veljer å motta faktura i posten.

Den nye løysinga gjer at alle fakturaer vert forsøkt sendt digitalt, enten via AvtaleGiro, eFaktura, Vipps Regning, digital postkasse (Digiboks eller eBoks) eller som vedlegg i ein e-post. Dersom det ikkje er mogleg å levere fakturaen din digitalt, vert den levert som papirfaktura i postkassa di.

AvtaleGiro er automatisk betaling av faste rekningar ved forfall. Dersom du bare har avtalegiro vil du ikkje få varsel om faktura til forfall, men velger du AvtaleGiro i kombinasjon med eFaktura vil du sjå faktura i nettbanken og motta varsel.

Når du betaler ein faktura frå Tysvær kommune vil du i dei fleste nettbankar få spørsmål om du vil opprette ein avtaleGiro avtale. Dersom du ikkje får spørsmål frå banken din opp å opprette avtale, kan du opprette avtale via din nettbank. Ta kontakt med økonomikontoret i Tysvær for å få kidnummer til å opprette avtaleGiro.

Du må opprette eigen avtaleGiro for kvart område du får faktura frå i kommunen:

  • Barnehage/SFO
  • Helse og Sosial
  • Musikk og kulturskolen
  • Sentraladministrasjonen
  • Kommunale avgifter

eFaktura eFaktura sikrer at fakturaen kommer kjapt frem, samt at den er ferdig utfylt så du slipper å taste kontonummer, KID og beløp.  Tysvær kommune ønsker at flest mulig skal bruke eFaktura fordi det sparer miljøet og det sparer ressurser i kommunen. eFaktura inngår du enkelt ved å gå inn i nettbanken din og velger Alltid eFaktura/sei ja takk til alle. Dette er eit nytt val som er komme i dei fleste nettbankar ( og heiter forskjellig frå bank til bank) som gjer at du slepp å inngå eFakturaavtale med alle dei som tilbyr å sende faktura som eFaktura - du har allereie sagt ja. 

Vipps  Gjennom den nye løysinga kan vi nå tilby Vipps Regning. Dette forutsetter at du benytter Vipps, og har aktivert Vipps Regning i appen. Fakturaen vil havne i appen og kan godkjennes med ein gong, utan at du treng å taste KID, kontonummer eller beløp.

Faktura i Digipost / eBoks For å motta faktura på Digipost/eBoks må du ha oppretta ein digital postkasse hos ein av eisse leverandørene. Dersom du allereie har avtale om eFaktura, AvtaleGiro eller Vipps vil fakturane bli sendt der.

Faktura som vedlegg i e-post Ønskjer du å få fakturaen tilsendt som et PDF-vedlegg til e-post, kan du kontakta økonomiavdelinga for å få registrert epostadressa di. Dersom du har andre digitale kanaler som AvtaleGiro, eFaktura, Vipps eller Digital postkasse blir fakturaen sendt der.

Faktura levert i postkassa Dersom vi ikke får levert faktura via digitale kanaler, vil fakturaen bli sendt i postkassa på samme måte som tidligare. den einaste forskjellen er at fakturaen har endra utsjåande, fakturaen har ingen girodel i bunnen.

Dersom du bruker BrevGiro må du fylle ut ein tom giroblankett. Bruker du BrevGiro kan du få tomme giroblanketter i banken din, eller hos servicetorget i kommunen.