Barnehagen vår ligg i Nedstrand, ca ein halv time fra Aksdal. Me har 51 plasser fordelt på to avdelingar i nye lokale.

Uteområdet vårt er stort og variert med både leikeapparater og naturlege haugar, klatretrær og gøymestader. Me har dei siste åra sett fokus på barnas nærmiljø - der barna vil komma til å vera dei nærmaste 10 - 15 åra av sitt liv, og kanskje lenger.

I gåavstand til grunnskulen, biblioteket, bygdahuset, fotballbanen, butikken, kyrkja, skog og sjø, osv, nyttar me lokalmiljøet kvar dag. For å få ei djupare meining i stader og stadnamn i området, har me nå knytta lokalmiljøet opp mot vår lokale kultur. Personalet har lært litt meir av ein lokal "kulturmann" og viderefører namn, segn og historiar til barna. Eit spennande og interessant arbeid for både barn og vaksne!

Me fann fort ut at dette arbeidet hadde me jobba med i alle år, men ved å gjera personalet og barna meir medvitne på kva Nedstrand og Hinderåvåg har å by på, ville ein berika turar og aktivitetar i større grad enn før!


Barnehagen sin visjon:

Glade barn i eit rikt miljø


Barnehagen sitt hovudmål:

I Nedstrand barnehage får barna gjennom medverking og aktivitetar i nærmiljøet og lokalkulturen, tileigna seg kompetanse innanfor dei sju fagområda.