Hinderåvåg barnehage opna 18.august 1980 på Soknatun og vart driven av Nedstrand Sokneråd, med utvida formålsparagraf. Det var då ein korttidsbarnehage, som var open 6 timar 3 dagar i veka, med plass til 14 barn over 3 år. Frå år til år var det svært varierande kor mange barn som hadde trong for plass. Målet for arbeidet var å gi barna tryggleik og tillit.

I 1996/97 starta tanken om å få til ein heildagsbarnehage, då foreldre hadde trong for utvida tilbod. Tanken vart lufta ute på kommunen og i samarbeidsutvalet i august 1998 måtte ein ta stilling til kor tomta til ny barnehage skulle ligga.

Det var eit samrøystes utval som gjekk inn for å byggja barnehage ved ”kvilesteinen” der barnehagen nå ligg.

Frå august 1998 vart det heildagsbarnehage med 12 plassar for 0-6 år.

Barnehagen står klar 14. november 2000. Den er nå blitt kommunal, og har mange søkerar!

Etter 3 månaders drift, ser ein det som naudsynt å utvide avdelinga fra 18 plasser til 24 plasser. Det er mange barn på venteliste.

Kvar haust ved nytt opptak er det mangel på ledige plassar. Foreldra er engasjert i å få nok plassar, og forslaget frå samarbeidsutvalet er då å leige ein av omsorgsboligane som ei midlertidig løysing.

Frå hausten 2004 er småbarnsavdelinga etablert i omsorgsboligen. Der er plass til 6 barn under tre år.

Nå er det avgjort at barnehagen må byggast på, for å få store nok areal og godkjente lokaler.

Frå hausten 2005 måtte ein auke plassen med 3 barn til i omsorgsboligen. Det er trangt ,men nå veit alle at nybygget står klart i 2006. Dette utgir nå 42 plasser pr. dag.

Hausten 2007 blei det ennå meir behov for barnehageplasser på Nedstrand. Ifølge arealbehovet pr barn har bygget mulighet for 51 plasser på heile huset. Dette vart raskt fylt opp, og barnehagen hadde nok plasser fram til barnehageåret 2010/2011. 
Nok ein gong ser ein behovet for fleire barnehageplassar på Nedstrand. Me får nå leiga den nyoppussa kjellaren på Soknatun, der barnehagen eingong starta i 1980. Dette lokalet rommar dei to eldste kulla første året, og det eldste kullet i 2011/2012.  
Foreldre er engasjerte og viser fram behov for fleire barnehageplasser i media. Etterkvart finn politikarane penger til å kunne bygga ut barnehagen med ein avdeling til.

Byggeprosjektet er igang på nyåret 2013, og står klart august 2015. Då har barnehagen tre avdelingar med god plass til barna på Nedstrand - Nypedalen, Bjørkeli og Hedla. Målet for barnehagen er GLADE BARN I EIT RIKT MILJØ.