Sommarferien for elevane går mot slutten og på måndag (17.august) startar skulen opp igjen.

Elevane i 2.-10. klasse møter på NBU klokka 08.30. Elevane i 1. klasse skal møta litt seinare, klokka 09.00, dette får aktuelle foreldre/føresette meir informasjon om frå kontaktlærar.

Bussane går som vanleg. Av smittehensyn er det positivt om dei som har høve til det finn andre måtar å koma til skulen på slik at det vert god plass på bussane, og bussane er kun berekna på elevar som har rett til skuleskyss.

Skulane startar på gult nivå når det gjeld korona-beredskap. Det inneber at det framleis er stort fokus på ulike smittevernreglar i skulekvardagen. Ei viktig side av dette er at ein skal ha så få personar som råd inne i skulebygget. Fylgjeleg kan heller ikkje de som foreldre «stikka innom» og t.d. levera noko eleven har gløymt direkte i gang eller klasserom. Ring skulen først, så har me system for at de kan levera ting ved hovudinngangen. Me minner og om at elevar som er sjuke ikkje skal møta på skulen. Vidare presiserer me at kvar familie sjølv har ansvar for at karantenereglar etter evt utanlandsreiser blir haldne.

 Det er fint om de snakkar med dykkar barn/ungdom før skulestart om kor viktig det er at alle fylgjer smittevernreglane dei møter. På den måten bidrar me alle til å halda skulen vår og nærmiljøet vårt trygt for alle. Ta gjerne kontakt med kontaktlærar eller administrasjon om det er noko de lurer på!

 Alle som jobbar på NBU gler seg til å møta dei flotte elevane våre igjen på måndag! J

 Mvh Jan Ottar Stråbø
-inspektør-

   

skolestart t