Kjære alle saman!

 

I Nedstrand er me gode på dugnad, det er noko alle veit.  No er me i gong med den viktigaste dugnaden i manns minne! Me har ikkje oversikt over korleis dei neste vekene blir, men me skal få det til, saman, slik me pleier.

Ei stund framover får elevane ikkje delta på nokre av dei viktigaste arenaene i liva sine, skulen er stengt, dei kan ikkje vera med venner og alle fritidsaktiviteter er utsatt. Det kan bli krevjande både for elevar og føresette. Difor blir det særs viktig at me vaksne tar ansvar for å sikra både trivsel, mestring og glede for borna våre, først og fremst saman med familien.

Fredag sat lærarane på kvar sin stad og gav undervisning til elevane. Me er allereie godt i gong! Fantastisk! Elevane skal ha heimeskule via PC og nettbrett, kvar dag, frå måndag til fredag.

Skulen nyttar kanalane Itslearning, Teams og One note, all informasjon til elevane vil liggja der. Kontaktlærarane gir beskjed om andre kanalar skal nyttast. Me har hatt nokre utfordringar med overbelasting av nettet og appar som «heng», me må berre ha tolmod med dette, det blir jobba med kontinuerleg. Lærarane vil gjera sitt aller beste for å gi elevane god opplæring no!  Hugs at det er heilt nytt for lærarane og, det å berre ha kontakt med elevane via nettet.

No må me konsentrera oss om det aller viktigaste. Om kommunikasjonen blir vanskeleg i periodar, kan elevane alltid bruka tid på å lesa, øva på rettskriving og rekna oppgåver. Og snakk gjerne litt engelsk heime!

Utdanningsministeren har sagt at tiande trinn ikkje skal vera bekymra for eksamen, vitnemål eller opptak til vidaregåande skule, dette skal bli ordna etter kvart som situasjonen utviklar seg.

Henting av bøker/utstyr
Grunna smittefare har me fått restriksjonar frå kommuneleiinga når det gjeld å sleppa folk inn på skulen. Ta kontakt med administrasjonen om du treng å henta noko, så ordnar me det neste veke.

Kontakt med skulen

Kontakt- og timelærarar svarar på spørmål i dei avtala kanalane i ordinær arbeidstid.
De kan i tillegg nå administrasjonen pr. telefon i same tidsrom. Ved behov er det sjølvsagt greitt å ta kontakt utanom denne tida.

Rektor Marianne: 990 25 881
Inspektør Jan Ottar: 995 65 093
Merkantil Gry: 901 72 630

Tips til heimeskule


  1. Det er lurt å dela dagen inn i faste rutinar:
    1. Ei tid for å gjere skulearbeid -  det er ikkje ferie
    2. Ei tid for å eta saman
    3. Ei tid for å leike, ha pause
    4. Ei tid for å bli underhalden av skjerm
  2. Føresette har nokre plikter:
    1. Følgja opp skulearbeid til ungane sine, kvar dag
    2. Gi beskjed om elevar er sjuke og om dei er i karantene
  3. Ver merksame på:
    1. At borna treng å snakka om det som skjer no, det kan vera skremmande
    2. At borna kan kjenna seg einsame når ein ikkje kan treffa andre på skulen
    3. At me alle kan bli ekstra irriterte eller sinte utan at me heilt veit kvifor
  4. Moglegheiter:
    1. Gå turar saman, vera ute i naturen, om de ikkje er i isolat
    2. Ha husarbeid på timeplanen, laga mat, rydda og vaska i saman
    3. Spela spel saman
    4. Ringa/skype til kvarandre
    5. Tenk på om det er nokon du kjenner som har det vanskeleg- ta kontakt. Det er ikkje lov til å ta på kvarandre, men vi må ta vare på kvarandre, seier statsminister Erna Solberg.
    6. PS! Me som bur i same hus må sjølvsagt klemma kvarandre! Og hugs god handhygiene!

 

Med venleg helsing
Marianne Losnegård
Rektor