Flagget til topps på skulen måndag 27.april!

Me gler oss til å sjå elevane på 1.-4.tr igjen! Noko blir akkurat slik det var, men mykje vil vera annleis. Me skulle ynskja at alle elevane kunne byrja no, det går ikkje, men me håpar og trur at det ikkje går så mange veker før alle er på plass.

Me har fått ein praktisk og detaljert rettleiar me skal fylgja. Skulane i Tysvær har jobba god for å få på plass alt til oppstart, i tett samarbeid med skulesjefen. Me fylgjer råda som er gitt, og me har gjort avklaringar med kommunelegen og Fylkesmannen i Rogaland. Alle tilsette har gjennomført kurs i smittevern, og tiltaka på skulen er som elles i samfunnet: God handhygiene, god avstand, og hoste- og nyse i albogen eller i papir.

Fyrst litt til dykk med elever på 1.-4.tr.

Skuledagane byrjar og sluttar til vanleg tid kvar dag.

Det er positivt om så mange som kan kjem seg til skulen utan å bruka buss. Alle bussar går slik dei plar, for dei som treng det. Me ber om at elevane kjem så nær kl.8.30 som råd, og ventar ute til det ringjer inn. Det vil vera vaksne ute som tar i mot og viser elevane til rett inngang og uteområde på måndag.

Anbefalt gruppestorleik er rundt 15 elevar, og det passar fint for NBU! Me deler 2.tr i to, elles får dei gå i klassane sine.

Alle vil få nærare informasjon om praktiske ting frå læraren sin.

Til dykk med elevar på 5.-10.trinn så vil det bli nokre endringar i fjernundervisningstilbodet. Organiseringa på 1.-4.tr krev at fleire lærarar må flyttast frå høgare trinn til 1.-4.tr for å oppfylla dei sentrale krava. Dette gjer at me må organisera timeplanen på ein annan og meir fleksibel måte for fortsatt å kunne gi eit tilbod av høg kvalitet. Meir info om dette blir gitt av kontaktlærar på dei ulike trinna.

De finn utfyllande informasjon på kommunen sine nettsider

https://www.tysver.kommune.no/skule-og-utdanning/aktuelt/test-sliders#informasjon-til-foreldre-om-skolestenging

Venleg helsing og god helg frå Marianne rektor