Onsdag 27.november hadde vi open kveld på NBU  i samband med temaveka om Piratar. Her var både føresette, besteforeldre og sysken invitert.

Det var lokalhistorie frå Nedstrand om sjørøveri og tollkister som forsvann, song, musikk  og dans.

9.trinn hadde kafe med tilhøyrande tombola med flotte gevinstar.

Ein triveleg og vellukka kveld med fokus på å vise fram kva ein hadde jobba med og lært i løpet av temaveka.