Informasjon om nasjonale prøvar for 8. klasse:

Om ei vekes tid skal elevane i 8. klasse starta med nasjonale prøvar.

Desse prøvane er felles for elevar over heile landet.

Dei vert nytta både til kvalitetsutvikling nasjonalt, kommunalt og på kvar enkelt skule. Resultata er og viktige for å fylgja opp kvar enkelt elev på ein best mogleg måte på sentrale felt i opplæringa.

På skulen vår vert dei nasjonale prøvane for 8. klasse gjennomført desse datoane:

                Lesing ((90 minuttar)     Onsdag 16. september

                Rekning (90 minuttar)   Torsdag 17. september

                Engelsk (60 minuttar)    Tysdag 22. september                             

På denne lenka kan dei som vil lesa meir om nasjonale prøvar:
https://www.udir.no/eksamen-og-prover/prover/nasjonale-prover/om-nasjonale-prover/

Ta gjerne kontakt med oss på skulen om det er noko de lurer på.

Mvh Jan Ottar Stråbø
- inspektør-