Då har elevane alt gått ei veke på skulen! Det har vore kjekt for oss på skulen å møta igjen alle dei flotte elevane våre!

Til vanleg er september tid for gjennomføring av klasseforeldremøte. Men heller ikkje her vert ting heilt som dei pleier. Tysvær kommune har bestemt at det berre vert klasseforeldremøte for 1. og 8. klasse nå, dei andre møta vert sett på vent inntil vidare. Bakgrunnen er sjølvsagt at ein er svært forsiktig med å samla mange personar inne i skulen sine lokale. Ein prioriterer 1. og 8. klasse fordi det er her det er mest nytt og fylgjeleg størst behov for å gjennomføra klasseforeldremøte. Foreldre/føresette i desse to klassane får nærare informasjon om rammene for møta frå kontaktlærar.

Me vil elles gjera vårt beste for å halda dykk godt informert i alle klassane! Skulen si nettside kan og vera grei å klikka inn på av og til. Her finn de mellom anna ein liten presentasjon av to nye lærarar ved skulen; Marit Lothe og Lovisa Jamne.

De må gjerne også ta direkte kontakt med skulen om de er noko de lurer på.

Jan Ottar Stråbø
-inspektør-