Det er rart kor fort me vender oss til ein heilt ny kvardag. Ikkje det at me byrja å lika han, men me har fått nokre rutinar på plass og lært oss fleire nye ferdigheiter.

Takk for at de held ut der heime i «NBU avdeling heimeskule»! De gjer ein formidabel jobb – for å seia det med skulesjefen.

Det er ikkje alt som blir lettare etter som tida går. Me får meldingar om mange elevar som saknar vener, aktivitetar, treningar – og skulen! Og me saknar elevane. Skulen er tom og stille, slik håpar me ikkje det skal vera så veldig lenge.

Til no har alle lærarane på NBU vore friske og gitt heimeundervisning! Hurra! Det betyr at alle er godt i gong og har fått laga system og oppretta kontakt. Men me kan ikkje rekna med at det held fram slik. All statistisk berekning seier at fleira av lærarane kjem til å bli sjuke, på ein gong og over tid. Me førebur oss på dette så godt det lar seg gjere, men må varsle at det ganske sikkert blir endringar i tilbodet til elevane. Det kan gjelda fag, oppfølging og omfang av undervisning. De skal vite at me vil gjera vårt aller beste når det skjer.

No veit me at det drøyer til over påske før me får starta opp på ordinært vis. Kor lenge veit me meir om 8. april, og me skal halda dykk orienterte.

3. påskedag, 14. april, skal me avspasera for to kveldsarrangement, førjulskvelden og sommaravslutninga. Denne dagen er fri for elevar og lærarar og det blir ikkje lagt ut dagsplanar for den dagen.

NB! Det som er viktig til vanleg er viktig i denne tida også!

  • Bevega på seg
  • Få frisk luft
  • Ha det kjekt saman med dei ein har rundt seg
  • Lesa, skriva, rekna oppgåver og snakka engelsk saman

Desse tinga står seg, om nettet skulle vera ustabilt og ein skulle stå bom fast i oppgåvene elevane har fått frå skulen.

Lag ei så god helg som de kan!

Mvh Marianne rektor