Fredag 29. september hadde NBU ny joggedag. Denne gongen hadde elevrådet bestemt at pengane skal gå til barneheimen AbraC i Brasil.

Sponsorbrev med informasjon om Abrac som blei sendt heim med alle elevar .

Fantastisk resultat igjen for elevane på NBU, heile 51.764,-

kroner blei jogga inn. Nytt tak på barneheimen var det som stod øverst på ynskjelista, og det kan dei nå få takka våre elevar og sponsorar. Eldsjel Kjell Mangor Sevland kom til skulen og informerte om Abrac, og var i etterkant med elevane og jogga.

Joker Hinderåvåg sponsa elevane med Smoothie , noko som var stor stas og viste seg å vera ei god energikjelde. Tusen takk til dei!
IMG 0598 Small resultat redigert

Kvart år hedrar vi den eleven som har jogga lengst med ein "Gullskoplakat". Det som var utruleg kjekt i år var at 4 stk jogga i lag og hadde bestemt seg får å ta rekorden, dei jogga heile 30 km kvar. Gratulera til dei, Emil,Tamas, Ruben og Linn Kristin.

IMG 0599 Small redigert

Sjå fleire bilete frå joggedagen her: