Invitasjon til felles sommaravslutning         

for barnehagen, skulen og  idrettslaget.

Sol til felles sommeravstutningSol til felles sommeravstutningSol til felles sommeravstutning

 No skal me feira at det snart er sommarferie med leiker og grilling ved bygdahuset. Me håpar på sol og godvêr!

Ein vri i år: Me grillar først og så er det aktivitetar for alle på banen. Ikkje berre for lærarar og elever, alle vaksne må og vera med!

Me minnar om at dette er skuletid og obligatorisk for elevane. Dei har avspasert tida tidligare og kan ikkje la vera å møta her.

Me inviterer til grillfest for heile familien:

Tysdag 18.juni kl.17.00-19.00 utanfor Bygdahuset.

Ta med:      

  • Det de vil eta og drikka sjølv- me har fyr på grillane
  • Litt pengar viss de har lyst å kjøpa is i kiosken
  • Stol, me har nokre bord og stolar men ikkje heilt nok til alle
  • Klede som passar til veret (dersom VELDIG dårleg ver blir det avlyst)

Program:

  • Kl.17.00       Velkommen og felles opning- noko skal seiast og noko skal    syngast…
  • Kl.17.15       Grillane er klare, me grillar, et og pratar
  • Kl.17.45       Sommaravslutningsleikane startar! I år er aktivitetane slik at vaksne og born må gjera aktivitetar i lag.
  • Ingen kan sitja å sjå på, alle ut på banen!

OBS:

  • Parkering på ridebanen og på grusbanen ved skulen. Ingen parkering rundt bygdahuset
  • Dette blir årets avslutning- ingen avslutning i klassen eller i laget utanom denne kvelden
  • Velkommen!