Torsdag 15. november tok vi imot 12 flotte ungar som skal starta i 1.klasse til neste haust.

Føresette og elevar blei samla på musikkrommet. Der blei det høgtlesing av  

"Geitekillingen som kunne telle til ti". Rektor Marianne las, medan inspektør Jan Ottar medvirka til dei ulike dyrelydane, som til tider kunne bli litt "høglytte".

Elevane på 5.trinn som er  fadderar ,kom inn og presenterte seg og sa kven dei var fadder til. Saman hadde dei nokre lekeaktivitetar i SFO avdelinga, medan føresette fekk litt praktisk informasjon om skulen frå rektor.
5.trinn hadde laga sjokoladekake og muffins, så etter ei koseleg spiseøkt avslutta ein dagen med utlevering av ei skrivebok og ein blyant til dei nye elevane.

IMG 0989 Small Redigert

IMG 0991 Small RedigertKrysser av i den store gamle "skuleboka"

IMG 0994 Small Redigert
IMG 0999 Small Redigert
IMG 1003 Small Redigert