Tysdag 16.november tok vi imot  heile 20  flotte ungar som skal starta i 1.klasse til neste haust.

Føresette og elevar blei samla på musikkrommet. Der blei det høgtlesing av rektor  Marianne "Geitekillingen som kunne telle til ti".

Elevane på 5.trinn er fadderar ,dei kom inn og presenterte seg og sa kven dei var fadder til. Saman hadde dei nokre lekeaktivitetar i SFO avdelinga, medan føresette fekk litt praktisk informasjon om skulen frå rektor. 5.trinn hadde laga nydelege lappar, så etter ei koseleg spiseøkt avslutta ein dagen med utlevering av ei skrivebok og ein blyant til dei nye elevane.

IMG 0680 Small

IMG 0681 Small

IMG 0683 Small

 IMG 0690 Small

 IMG 0691 Small
IMG 0692 Small
IMG 0695 Small
IMG 0696 Small
IMG 0698 Small