24.mars vedtok regjeringa at alle  barnehagar og skular skal vera stengde til og med 13. april. Perioden kan bli utvida, ny informasjon om dette kjem 8. april. Viss skulane fortsatt skal vera stengde etter påske, skal avklaringar rundt opplæringstilbodet til elevane koma frå sentrale myndigheiter.

Føresette og elevar 10.trinn må merka seg dette angåande sluttvurdering:

Eksamen

Både skriftleg og munnleg eksamen på 10. trinn er avlyst. Elevar på 10. trinn får fullverdig vitnemål utan eksamen. I vitnemålet vil det stå at eksamen var avlyst. Dette har ikkje konsekvensar for inntaket til vidaregåande opplæring.

Standpunkt 

Lærarane må prioritera å sikra vurderingsgrunnlaget fram til sommaren, slik at alle elever får standpunktkarakterer. For at lærarane skal få eit godt nok grunnlag for å settja karakter, er både elevane si deltaking og innlevering av oppgåver viktig. Krava til å setja standpunktkarakter før skriftleg eksamen og før fellessensur fell bort når desse eksamenane er avlyst. Det betyr at skulane her kan setja standpunktkarakterer helt mot slutten av skuleåret.

Elevane vil få meir informasjon frå kontaktlærar og faglærarane etter kvart.

 

Mvh Marianne Losnegård rektor