Kjære alle saman!

Ja! Me opnar skulen for alle elevar måndag 11.05 kl.08.30.

1.-4.tr har vore her i to veker, dei har vore kjempeflinke til å fylgja smittevernreglar og tilpassa seg ny kvardag! No er det 5.-10.sin tur og det trur me vil gå like bra.

For å fylgja råda i rettleiaren for smittevern, så treng me større plass å spreie elevane på. Me har fått leige Bygdahuset og det blir klasserom for 7.,8. og 9.trinn der.

De må vera budde på at det er store endringar på timeplanane. I den siste perioden har me konsentrert oss om fag og tema som kan løysast digitalt, no vil me gjera mykje praktisk og gjerne ute. Det kan bli utedagar for både store og små framover.

Det er viktig at de les meir detaljert informasjonen som de får av kontaktlærarane i dag.

Ein praktisk informasjon, er at skulemjølk til mellom og ungdomstrinn vil bli levert frå tysdag 19.mai.

Me ynskjer kvarandre lykke til med ny start og takkar for særs godt samarbeid i dette kapittelet med heimeskule!