Kjære alle saman

No har me hatt ei veke med «heimeskule» og det meste har gått fint!

Utruleg! Mogleg denne tida får eit kapittel i bygdebøkene etter kvart! Dette er ein ufrivillig «dytt i gong» med alternative måtar å læra på. Me kan ta mange erfaringar med oss vidare etter dette!

Takk for at de viser tolmod med både nettverk, appar og oss som gjer jobbane våre på nye måtar. Takk for ros og gode tilbakemeldingar- det set me stor pris på! Lærarane strekkjer seg langt for å vera tilgjengelege for elevane og gjer ein stor jobb. Eg har daglege møter via Teams med dei tilsette og held meg oppdatert på korleis det går med alt.

Me veit at det kan vera krevjande heime no. Me veit at alt ikkje går som me ynskjer- alltid. Det er likevel skulen sin jobb å prøva å leggja til rette for at elevane skal læra, også når det er unntakstider og heimeskule. Gi beskjed til kontaktlærar om det er noko me kan gjera for at det skal gå greiare.

Me vil sakna kvardagen etter kvart. Nokon gjer det nok allereie. Sakna å treffa kvarandre, spela sjakk og fotball i lag, gå på trening, slåst om føysene og sitje saman i klasserommet. Til og med skulebussen og foreldremøta vil bli sakna til slutt! Vent og sjå.

Til me kan opna skulen for normal drift, må me finna andre måtar å vera saman på. Del kjekke ting og idear med kvarandre! Gå gjerne ein tur ut, men ikkje om du har symptom på sjukdom.

Fantastiske ting har skjedd i tider med heimeskule; Newton forska fram gravitasjonslova medan han hadde heimeskule, universitetet var stengt i 18 månadar pga smittefarleg sjukdom- så det kan skje! At å kjeda seg kan føra til store ting!

Mvh Mariann rektor