Kjære alle saman!

Me sakna påskelunsjen på skulen i dag! Nokre elevar har tatt kontakt og spurt om me får den igjen når skulen opnar. Me skal i alle fall feira! På ein eller annen måte!

Det er usikkert når me får driva vanleg skule igjen. De har sikkert høyrt diskusjonen i media, om delvis opning eller fortsatt stenging. Onsdag neste veke veit me meir.

No tar alle ein velfortent påskeferie. Alle kan klappa seg sjølv på skuldra og seia at dette har me klart bra! Takk til alle heime som har balansert eigen jobb, heimeskule og tilsyn! Me veit det har vore strevsamt.

Chatten i Teams tar påskeferie frå i dag, så elevane får ikkje svar frå lærar før onsdag 15.april. Hugs tysdag 14.april avspaserer me for førjulsfest og sommaravslutning på kveldstid.

Riktig for påske til alle! Me håpar været blir godt, og i Nedstrand er det heldigvis fjelltoppar og turstiar nok til alle.

Mvh Marianne rektor