Gjekk ikkje hausten svært fort i år? Kor blei skulestart av?

Vips er me framme  ved nesten november!

Skule, det er å gjera noko saman med andre, læra saman og å læra å vera saman med andre.

I veke 45 skal heile skulen ha temaveke og jobba saman på kryss og tvers og på litt andre måtar enn me gjer til vanleg.

Elevane veit ingenting enno, og tema er heilt hemmeleg til måndag morgon.

I fjor var de her på «Open- skule» ein kveld tidleg i desember, i år vil me gjerne invitera til ein kveld der me blant anna syner kva me har gjort og lært i temaveka.

Velkommen til kombinert «open skule» og «førjulskveld med kafé» onsdag 27.november kl.18.00.

Helsing Marianne rektor

Hausthelsing