Tysdag 05.september var ungdomstrinnet så heldige å få besøk av Peder "Lido" Losnegård og hans manager Dorothy.

Foredraget handla om  viktighet av å jobbe hardt og samtidig være hyggeleg med dei ein arbeidar med/mot.

Dei referte til musikkbransjen i Los Angeles, at om du ikkje leverar eit produkt i tide eller ikkje er hyggjeleg å samarbeida med, så er det ingen som veljer deg som samarbeidspartnar.

Som Peder sa: Det er ikkje sikkert eg er best , men viss eg visar at eg leverer i tide, er til å stola på og i tillegg  er hyggjeleg , da er tjangsane større.

Dorothy fortalde og om skulesystemet i New York der ho kjem frå, og trur monge elevar fekk seg ei overrasking over korleis dei jobbar der. Det gjeld å jobba hardt for å henga med.Eit dårleg matteresultat på ein prøve, kunne orsaka at ein ikkje fekk vera med på fotballkampen same ettermiddag....

Ungdommane fekk eit godt døme på skrifta på veggen på NBU:
"Work hard and be nice to people"

Veldig inspirerande å ha desse særdeles kjekke og reflekterte  ungdommane på besøk, dei er hjarteleg velkomne igjen! :-)
013 Small
001 Small

004 Small redigert
012 Small redigert
005 Small