Elevrådet laga til ein flott og høytideleg dåp av den nye robåten til skulen. Namnet "Bodil Ocean" vart stemma fram som det beste av elevane sjølv.

Båten fekk fleire lukkeynskjer lest opp og  eit ausekar med sjøvatn over seg.

Ei tevling med kven som kunne ro fortast av elev og lærar blei halden, men det var nok ikkje lett å slå den sjøvante læraren Sissel Myskja...

Seansen blei avslutta med allsang av "ro ro ro din båt" medan Ingrid Løland svinga trekkspelet.


IMG 0351 Small

IMG 0353 Small

IMG 0358 Small

IMG 0359 Small

IMG 0369 Small

 IMG 0375 Small

IMG 0356 Small