Anleggsarbeid ved NBU.

Skulen har i dag blitt informert av Tysvær kommune om at det vil bli arbeid på skulen sitt område dei neste 3-4 vekene, med oppstart i morgon.

Kabelgrøft til ny brannstasjon vil gå gjennom skulegarden og dette vil gi ein del praktiske utfordringar.

Dette er ein del av eit større prosjekt knytt til vatn og avløp, samt bygging av brannstasjon, så området rundt skulen vil bli prega av anleggsarbeid i nærare eitt år.

Inne på sjølve skulegarden vil graving og sprenging vera ferdig i løpet av ein månad, mens ein del av oppryddingsarbeidet med såing av gras m.m. vil bli gjort seinare på våren.

Det er ikkje avgjort om ein kan sprenga eller om ein må «pigga» fjellet som må bort, uansett vil det bli støy i perioden.

Tryggleik blir særs viktig framover. Entreprenøren har lova god informasjon og vil gjennomføra eit HMS-opplegg retta mot alle elevar. Her vil ein m.a. fokusera på blindsoner.

Me er bedne om å gi beskjed om at om elevane har på seg refleksvest då dette vil auka tryggleiken. Dette gjeld og dei som kjem med buss.

Det er ikkje mogleg å parkera ved skuleporten i perioden, og det vil truleg bli vanskeleg utanfor butikken og. Me ber føresette som køyrer elevar om å sleppa dei av med Bygdahuset, og at dei går stien opp på baksida av ballbingen. Det same gjeld henting på SFO.

Nød-etatar og taxi vil til ei kvar tid kunna køyra inn til skulen, men ikkje føresette eller tilsette.

Me skal sjølvsagt dela all informasjonen me får med dykk, og me skal som skule gjera alt me kan for at dette skal gå greitt for seg, i trygge former for alle.

Gravemaskin