Følgjekort/ledsagerbevis for funksjonshemma

Treng du følgje eller assistanse for å gå på kultur- eller fritidsarrangement, kan du søkja om følgjekort. Du har ikkje rett til følgjekort, og det er kommunen som avgjer om du skal ha tilbodet. Har du fått følgjekort så skal det gje den personen som følgjer deg fri eller rabattert tilgong til ei rekkje kultur- og fritidsarrangement. Du betaler inngangsbilletten, mens ledsagaren din slepp inn gratis.

Kva er følgjekort/ledsagerbevis?

Følgjekort er eit verkemiddel for å førebyggja isolasjon og dermed bidra til auka livskvalitet for den einskilde. Følgjekortet skal gjera det mogleg for funksjonshemma som treng assistanse å delta i arrangement utan å måtta betala dobbel pris. Sjølve følgjekortet er eit kort med namn og bilde på, og fortel at vedkommande er avhengig av å ha med seg ledsagar. Det kan vera til dømes ein ven, familiemedlem eller støttekontakt. Følgjekortet er gyldig i heile landet på stadar som aksepterer ordninga. Den funksjonshemma løyser sjølv ordinær billett. Ledsagaren går gratis (eller til halv pris) der følgjekort er akseptert.

Korleis bruka følgjekortet?

Følgjekortet kan brukast på alle stader som aksepterer ordninga. Ein kan ikkje krevja å få bruke det på stader som ikkje har godkjent ordninga. Ofte står det på plakatane eller det skal vera eit nøytralt merke ved inngangen som fortel om ordninga. Følgjekortet gjeld stort sett ved bruk av offentlege kultur- og fritidsarrangement som aksepterer ordninga og offentlege transportmidlar. Døme på stadar der kortet kan brukas er konsertar, kino, symjehallar, museer, idrettsarrangement og offentleg transport. Følgje kortet gir ikkje fortrinn framføre anna publikum, så bestill billett på førehand der det er naudsynt. Du kan og venda deg direkte til den einskilde arrangør eller verksemd om du er i tvil.

Kven kan få følgjekort?

Den som har ei eller anna funksjonshemming som medfører at dei er avhengige av å ha med seg ledsagar når dei skal delta på noko, kan søkja om føljekort. Funksjonshemminga må vara minst 2-3 år.

Klagerett

Er du ikkje nøgd med vedtaket kan du klaga til kommunen si klagenemd. Send då klaga til kulturkontoret for vidare oppfølging.

Send søknaden til:

Tysvær kommune
Kulturkontoret
Postboks 94
5575 Aksdal
Tlf. 52757000

Eller på e-post til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

pdf Søknad om følgjekort (268 KB)

Meir informasjon finn du på: https://helsenorge.no/hjelpetilbud-i-kommunen/ledsagerbevis

 

TT-kort

Tilrettelagt transport

Rogaland fylkeskommune har ansvaret for transporttjeneste-ordningen for funksjonshemmede i Rogaland, også kalt TT-ordningen.

Søknadskjema

Hvem er TT-ordningen for?

TT-ordningen skal medvirke til at funksjonshemmede får mulighet til å delta i aktiviteter i nærmiljøet og gjelder fritidsreiser for funksjonshemmede.

Les mer på Rogaland fylkeskommune sine nettsider