Om tenesta:

Avdeling Dagtilbud skal gje den enkelte tenestemottakar ei meiningsfull kvardag med ulike aktivitetar. Dagtilbodet vil tilretteleggje for at den enkelte i størst mogleg grad får nyttiggjera sin kompetanse, ressursar og ferdigheiter. Dagtilbodet har fokus på eigenutvikling, meistring og økt livskvalitet. Aktivitet er ikkje ein lovfesta individuell rett, men Tysvær kommune har valt å organisere tilbodet etter helse- og omsorgstjenestelovas §§ 3-1 og 3-3. 

Aktivitetar:

Sanserom, hagearbeid, trearbeid, søm, hobbyaktivitetar, matlaging, ADL-trening, eigenproduksjon, musikk, enkle arbeidsoppgåver som postrunde, plukke søppel ol, friluftsliv, fysisk aktivitet, bassengtrening, tilrettelegge for ergo/ fysio og vaksenopplæring.

Kven kan søkje?

Tenesta blir gitt til vaksne personar som har avslutta videregåande skule og som bur i Tysvær kommune i alderen 18 til 67 år – primært mennesker med psykisk utviklingshemning. Tjenesten skal tilpasses individuelle behov.

Søknadsskjema:

pdf Søknad om Helse og omsorgstenester (104 KB)


For meir info:

Anna Sigrid Hagelberg Nerheim
Tildelingskontoret
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Tlf. 52757040

Harriet Ramstad Hove
Fagansvarlig ved avdeling dagtilbud
Seksjon Arbeid og inkludering
Tysvær kommune
Tlf. 93216669
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.